SEMINAR
Hentet fra Statens Kulturmelding nr.
48,
"Kulturpolitikk fram mot 2014"
(Nynorsk utgave)
7.7 Kyrkjemusikk
Den kyrkjemusikalske verksemda i norske kyrkjelydar representerer
eit viktig potensial i norsk kulturliv. Rammevilkåra
for norsk kyrkjemusikk er i dag lite tilfredsstillande. Difor
vert berre delar av dette potensialet utnytta. Både
kyrkja og kulturlivet må tilleggjast ansvar for å
leggja til rette for at rikdommen av kyrkjemusikk, skapt gjennom
den lange historia kyrkja har, og i vår eiga tid, skal
verta ein viktig integrert faktor i det indre livet til kyrkjelydane
og i norsk kulturliv. Det bør setjast i verk tiltak
for å styrkja rekrutteringa til kyrkjemusikaryrket og
for å fremja regional og lokal satsing på kyrkjemusikalsk
aktivitet.
Høgare norsk musikkutdanning har sidan andre halvdelen
av 1800-talet hatt fundamentet sitt i organistutdanninga.
Fyrste halvdel av 1900-talet var ein viktig vekstperiode
for kyrkjemusikken i Noreg. Dei store endringane i musikkutdanninga
i 1960- og 1970-åra hadde òg positive konsekvensar
for kyrkjemusikken i landet, men den sterke voksteren i
musikklivet generelt gjorde det lettare for musikkfagleg
personale utanfor kyrkja å få arbeid. I den
seinare tida har rekrutteringa til kyrkjemusikkyrka stagnert
og gått tilbake. Musikkskulane og kulturskulane, som
langt på veg har erstatta organistane som den sentrale
musikkressursen i lokalsamfunnet, har i liten grad vore
opptekne av kyrkjemusikk. Færre born og unge er dermed
inspirerte til å gå vidare med kyrkjemusikk
som studieområde.
Alle norske kyrkjer er rammer for gudstenester der musikk
er eit grunnleggjande uttrykksmiddel. Kvar einskild kyrkje
kan òg, både som kyrkjerom og som kyrkjelyd,
velja å vera senter for musikkaktivitet ut over den
liturgiske. Mange kyrkjer er eit slikt senter i lokalmiljøet
sitt. Nokre kyrkjer har bygd opp ei omfattande verksemd
med korarbeid for born, ungdom og vaksne, og instrumentalgrupper
og konsertar, både ved eigne produksjonar og med inviterte
musikarar. Kyrkjene har altså potensial for å
driva musikkopplæring, konsertproduksjon og arrangement
av konsertar i tillegg til å ivareta musikken som
del av liturgiske tenester.
For å kunna nytta potensialet for musikkverksemd
som finst i svært mange av landets kyrkjer, må
ei rad føresetnader vera til stades:
- På landsbasis må det leggjast til rette
for ei medviten rekruttering av kyrkjemusikarar, mellom
anna ved at kulturskulane må gje rom for orgelspel
og kyrkjemusikk, og ved at born og unge får høve
til å vera med på kyrkjemusikkaktivitetar
som har kunstnarlege mål og vert leidde av kvalifiserte
musikarar.
- Leiinga i kyrkja må i ord og handling verdsetja
kyrkjemusikalsk verksemd og aktivt støtta dei som
har til oppgåve å driva slikt arbeid.
- Det må opprettast fleire organiststillingar som
gjev rom for brei kyrkjemusikalsk aktivitet, dvs. rom
for øving og innstudering, konsertering, planlegging
og administrasjon. Det må prioriterast å tilsetja
høgt kvalifiserte og velfungerande musikarar i
stillingane.
- Kyrkjelyden/kommunen må løyva midlar til
kyrkjemusikkverksemda, fyrst og fremst løn til
profesjonell medverknad (permanent og ad hoc) og vedlikehald/kjøp
av instrument. Løyvingar bør knytast til
langsiktige handlingsplanar som er forankra både
i leiinga i kyrkjelyden/styringsorgan og i samarbeidsavtalar
med andre lokale aktørar (kulturskule m.v.).
- Kyrkjelyden må sjølv syta for å
ha den naudsynte organisatoriske infrastrukturen for å
kunna handtera alle sider ved konsertverksemd, eventuelt
i samarbeid med andre lokale konsertarrangørar.
Utfordringane på kyrkjemusikkfeltet er altså
samansette. Vi har dessutan å gjera med ein stadig
større pluralisme i musikalske sjangrar og uttrykk
innanfor kyrkjerommet.
Det er i dag ingen særskilde avsetningar til kyrkjemusikkføremål.
Kyrkjemusikkfestivalar kan søkja og få tildelt
midlar over festivaltilskotsordninga i Norsk kulturråd.
For 2003 er det gjeve tilskot til to festivalar med i alt
0,75 mill. kroner.
Departementet har vurdert rammevilkåra for kyrkjemusikken,
jf. Budsjettinnst. S. nr. 2 (2002-2003), og har kome til
at ein fyrst og fremst bør prioritera dei tiltaka
som er omtalte ovanfor, og som gjeld handlingsrom for tilsette
kyrkjemusikarar.
Det er to overordna omsyn departementet vil tilrå
å leggja vekt på når det gjeld å
styrkja rammene for kyrkjemusikken med økonomiske
verkemiddel. Det bør veljast strategiar som gjev
flest mogeleg ressursar til aktivitet, og ein bør
prøva å avgrensa bruken av ressursar til administrasjon.
Det bør veljast strategiar som ikkje etablerer ein
statisk struktur, men som gjev høve til fleksibilitet
og variasjonsbreidd.
Departementet har kome til at ei særskild støtteordning
for kyrkjemusikk gjennom Norsk kulturråd vil vera
ei god løysing for å ivareta desse overordna
omsyna. Det bør ikkje gjevast tilskot til einskildprosjekt,
men til program over fleire år, til dømes tre
til fem år. Kyrkjelydar som vil prioritera kyrkjemusikk
innanfor eit heilskapleg perspektiv, må oppfordrast
til å utforma ein samla plan som omfattar eit knippe
av dei komponentane som er nemnde ovanfor. Det er ein føresetnad
at søknadene skal handsamast av eit utval med særleg
kompetanse innanfor kyrkjemusikk, der kunstnarleg kvalitet
er det overordna kriteriet for tildeling.
>>
Tilbake til seminaroversikten <<
|